Sjekk smittevernrutinar, gjennomfør førehandssamtale og lag palliativ plan, oppmodar intensivsjukepleiarane ved Verdighetsenteret.

20. mars 2020 by Kristine Askvik

Over 40.000 eldre og gamle ved norske sjukeheimar risikerer å bli alvorleg sjuke av covid-19. Oppdater smittevernrutinar, gjennomfør førehandssamtale og lag palliativ plan, oppmodar intensivsjukepleiarane Silje B. Eikemo, Aina Kolle og Elsa C. Irgens ved Verdighetsenteret.

Dei har sju råd til sjukepleiarar og helsefagarbeidarar tilsett i sjukeheim:

  1. Bidra med å avklare rett behandlingsnivå, ta initiativ til førehandssamtale og palliativ plan.
  2. Iverksett isolasjon dersom mistanke om koronasmitte (i påvente av prøvesvar). Hugs at 30-50 % av eldre ikkje får feber ved infeksjonReager ved akutt funksjonssvikt
  3. Optimaliser dyspnébehandling med høgt thorax/ sideleie, angstreduserande tiltak og samarbeid med lækjar om administrering av medikament (morfin og midazolam).
  4. Ved behov for slimmobilisering, iverksett tiltak som rikeleg væske, fysisk aktivitet dersom mogeleg, PEP- fløyte, hyppig endring av leie, inhalasjon på forstøvarmed 3 ml NaCl 9 mg/ml eller Atrovent og Ventoline.
  5. Dersom indikasjon for meir enn 4 behovsdosar smertestillande i løpet av siste 24 timer, vurder saman med lækjar oppstart av smertepumpe. Lindrande medikament til bruk i terminal fase: Morfin, Midazolam, Haldol, Robinul.
  6. Tilpass informasjon til kognitivt funksjonsnivå. Media har stort fokus på covid- 19, ta hensyn til balansen mellom å dekkje informasjonsbehovet og å potensielt skremma dei gamle.
  7. Ivareta pårørande, legg til rette for kontakt mellom pasient og pårørande gjennom digital teknologi. Om pasienten er i terminal fase oppmodar me til at pårørande får vera tilstade, forutsett bruk av smittevernsutstyr.

For utfyllande råd, sjå utfyllande råd til sjukepleiarar og helsefagarbeidarar ved sjukeheimar. Råda er utarbeida av intensivsjukepleiarar ved Verdighetsenteret.
Har du spørsmål, kontakt Verdighetsenteret her.