Mann med briller ser i kamera. Svart-hvitt.

– Eg vil ha fri flyt av mørk sjokolade og sjå Lionel Messi spele fotball når eg blir gammal

Forfattar Frode Grytten har stemma i Verdighetsenteret sin nye film om alderdom og verdigheit.

Publisert 08. jan. 2019 Tekst: Kristine Askvik Foto: Paul Sigve Amundsen

Forfattar Frode Grytten er stemma i Verdighetsenteret sin nye video. Videoen handlar om det å bli gammal og på samme tid behalde verdigheita.

Vi sendte fire spørsmål til Grytten, om nettopp verdigheit og alderdom. Samstundes som du les svara hans, kan du kanskje tenke over kva du sjølv ville ha svara?

– Kva er det viktigaste for deg når du blir gammal?
– Eg vil ha tilgang til ei speleliste med dei beste Prefab Sprout-songane, samt ein tv der eg kan sjå Lionel Messi spele fotball, helst til han blir 83 år gammal, og så fri flyt av mørk sjokolade og ei ny bok frå Ali Smith kvar haust.

– Kva er verdigheit for deg?
– For meg handlar det om sjølvrespekt, om å kunne gå gjennom livet med hovudet høgt, det handlar ikkje om å kjenne seg heva over andre, men om å vere viktig for dei ein er saman med, bety noko for dei ein kjem i kontakt med. Det er eit positivt ord, og problema oppstår ved fråveret av verdigheit, om ein til dømes ikkje maktar å få livet til utan hjelp, og verda rundt ikkje er viljug til å gi den hjelpa.

– Kor gode er vi på verdigheit i det norske samfunnet i dag? Særleg når det gjeld våre gamle?
– Det synest eg er eit så stort spørsmål at eg ikkje maktar å svare på det, ein må nesten spørje dei som er i den situasjonen at dei er avhengige av andre. Men eg vil legge til at det fanst ein lovnad i det norske samfunnet: at fleirtalet skulle ta vare på mindretalet som av ein eller annan grunn ikkje fiksa dette som heiter livet, fleirtalet sa at dei skulle stille opp for mindretalet, om dei fall utanfor eller mista grepet. Eg registrerer at den lovnaden no er i ferd med å bli trekt tilbake, og erstatta med eit hardt språk om at mindretalet må skikke seg, stå opp om morgonen, ta seg saman, omstille seg, innfinne seg, møte opp, slutte å syte. Det er individualismens endelige siger.

– Kva tenker du om alderdom?
– Så langt har eg bare observert alderdom, på godt og vondt. Det er sjeldan ei triumfferd å bli gammal, og eg gler meg ikkje til det. Eg har imidlertid løfte frå ein spåmann om at eg skal skrive til eg er 83 år. Det var visst ein skikkelig bra spåmann, det seier dei som har greie på spåmenn, og sjølv om han var litt ute å kjøre på andre tema, veljer eg halde meg til det løftet han ga meg ein dag på Alternativmessa i Grieghallen i Bergen. Får eg skrive til eg er 83 år, blir det ein fest av ein alderdom.