løv, tiden går
Helse og omsorg

Fagdagar om lindring ved slutten av livet

I november deltok 65 kommunetilsette med helse og omsorgsyrke, frå Lesja og Dovre, på fagdagar som omhandla lindring ved slutten av livet.

Publisert 20. des. 2022 Tekst: Elsa C. Irgens Foto: Elsa C. Irgens
gruppe som får undervisning

Leiar ved helsehuset på Lesja, Marita Aaheim, søkte midlar om kompetansehevande tiltak hjå Statsforvaltaren i 2021. Etter tilslag på midlar kontakta ho Verdighetsenteret for samarbeid om å lage fagdagar. Aaheim og prosjektgruppa ynskja at flest mogeleg av dei tilsette (primært frå eldreomsorga) skulle få nytte av kompetansemidla og inviterte difor Verdighetsenteret til Lesja. Grunna pandemien skulle det ta eit år før konferansen vart praktisk mogeleg å gjennomføre.

To smilende kvinner

Foto: Initiativtakarane til fagdagar på Lesja, leiar av Lesja helsehus Marita Aaheim og kreftkoordinator i Lejsa og Dovre, Lene Fjeld- Gilberg.

Også Verdighetsenteret ser fordelen med at flest mogeleg tilsette frå same arbeidsplass får kompetanse ilag, det kan vere både motiverande og engasjerande. Ein får tid til viktige diskusjonar ein kanskje ikkje har mogleik å ha i ein travel kvardag. Det kan heve kjensla av samhald og ikkje minst vert det lettare å få til endringar når flest mogeleg har hatt same undervisning og felles refleksjonar. Det er særs positivt når deltakarane er så tverrfagleg representert, som dei var på Lesja- frå assistentar til legar. Dette kan potensielt føre til enda betre samarbeid.

6 smilande vaksne folk

Helse- og utviklingssjef i Lesja kommune, Therese Hole, var også innom for å kaste lys over kompetansehevingstiltaket til Aaheim og co. Frå venstre: Lene Fjeld-Gilberg, Sebastian (Verdighetsenteret), Therese Hole, Marita Aaheim, Evy, Irene og Elsa (tre siste frå Verdighetsenteret)

At me i Noreg no vert eldre enn før er ei suksesshistorie, men det inneber også at fleire vil ha behov for hjelp, også ved slutten av livet. Det å vere med å bestemme korleis den siste tida i livet vårt skal vere bør vera sentralt – dette handlar om å ivareta pasienten sin autonomi. I denne samanheng kan ein nytta førehandssamtaler for å sikre at pasient, pårørande og helsepersonell snakkar saman om sentrale verdiar for den enkelte pasient. Førehandssamtalar kan auka samsvar mellom pasienten sine ynskjer og gitt behandling/ pleie, auka tryggleiken for pårørande når ein skal ta vanskelege val, førebygge konfliktfylte og etisk utfordrande situasjonar og gi færre sjukehusinnleggingar i livet sin sluttfase. Nasjonale faglege råd for førehandssamtalar er under utarbeiding og i ein NOU frå 2017, «På liv og død — Palliasjon til alvorlig syke og døende» oppmodar ein om slike samtalar til alle deler av helsetenesta, som til dømes til sjukeheimspasientar. Lesja og Dombås ynskjer at førehandssamtalar skal systematiserast meir enn det er no, slik at dei sikrar at alle pasientar får ein slik samtale, difor vart førehandssamtalar eit av emna på konferansen.

For at flest mogeleg fekk anledning til å delta på fagdagane vart det organisert med likt program to dagar og ein tredje dag med mellom anna praktiske prosedyrar. Ein kunne delta berre på ein av dagane eller ein kunne delta på både dag ein/to og dag tre.

Verdighetsenteret takkar initiativtakarar og deltakarar for flotte fagdagar på Lesja, og ynskjer dei lukke til med å vidareføre arbeidet!

to kvinner utfører HLR på dokke

Foto: På ein av fagdagane øvde me på hjarte-lungeredning. Her ved Lisa Marie Thøring Mømb og Ann Karin Thøring

Ta kontakt med oss om du ynskjer fagdagar på din arbeidsplass!