Sykepleier hjelper pasient som ligger i sengen.

Dette bør sjukepleiarar og helsefagarbeidarar ved sjukeheimar vite om covid-19

Få oversikt over hva du bør sette deg inn i forbindelse med covid-19. Verdighetsenteret har samlet viktig informasjon.

Publisert 20. mar. 2020 Tekst: Kristine Askvik Foto: Silje Katrine Robinson

Den pågåande pandemien er fagleg og etisk utfordrande for helsepersonell. Rapportar frå andre land syner at gamle, med kronisk sjukdom, som er smitta med covid-19 har relativt svake prognosar for overleving. Pasientar smitta med covid-19 er vidare rapportert å utvikle sepsis. Dei vert då raskt kritisk dårlege (Zhou m. fl., 2020). I mange høve er ikkje sjukehusinnlegging det optimale alternativet, men heller å gi behandling i sjukeheimen. Nokre vil overleve, medan andre vil ha behov for lindrande eller palliativ omsorg og behandling.

Råda er utarbeida av intensivsjukepleiararne Silje B. Eikemo, Aina Kolle og Elsa C. Irgens ved Verdighetsenteret.

Verdighetsenteret ynskjer å minne på at ei av hovudoppgåvene til kommunehelsetenesta er å bidra med god lindrande behandling til skrøpelege gamle og andre eldre med stor symptombyrde. På bakgrunn av dette ynskjer me å koma med nokre råd til sjukepleiarar og helsefagarbeidarar tilsett i sjukeheimar om smittevern, førehandssamtale, utforming av palliativ plan, handtering av dyspné, slimmobilisering og oppfølging av pårørande.

Smittevern ved koronasmitte
Covid-19 smittar via dråpe og aerosolar. Det vil seie at virus kan smitte gjennom kontakt, dråpar og luft. Forsking har synt at viruset overlever opp til tre timar i luft og tre døger på nokre overflater som plast og rustfritt stål (van Doremalen, N. et al., 2020).

Førehandssamtale og palliativ plan
Ein førehandssamtale mellom den gamle, deira pårørande og helsepersonell skal gi grunnlag for behandlingsnivå ved ei forverring av helsesituasjonen til den gamle. Dette for å ikkje vera tvungen til å ta ei slik avgjersle om pasienten vert akutt sjuk. Det kan då opplevast som nærmast eit umogleg dilemma for dei involverte og vanskeleggjer ei verdig og god fagleg vurdering. Ein palliativ plan skildrar tiltak for å løyse forventa og mogelege utfordringar som kan oppstå. Planen bør vera kort, men innehalde sentral informasjon som til dømes innlegging i sjukehus dersom sjukdomsforverring, HLR- status, lindrande medikament i terminal fase og kontaktinformasjon til pårørande. Planen kan nyttast uavhengig av diagnose. Verdighetsenteret oppmodar sterkt til å ta initiativ til denne samtalen og leggje ein plan no før COVID-19 har spreidd seg for fullt.

For meir informasjon sjå:

Slik situasjonen er i dag med restriksjonar for besøkande på sjukeheimar er det ikkje tilrådeleg å gjennomføra ein samtale mellom pårørande, pasient og helsepersonell i same rom. Det kan nyttast videomøte, eller ha samtalen kvar for seg med den gamle og dei pårørande.
Om ein pasient har fått påvist covid-19 bør behandlande team snarleg ha ein samtale med pasient og pårørande om alvoret i situasjonen og få ei avklaring av rett behandlingsnivå.

Dyspné
I samband med covid-19-pandemien vil tilsette i kommunehelsetenesta møta svake gamle som utviklar ein viral pneumoni som openbart vil kunne gi svært plagsam tungpust/dyspné. Det ein har sett hjå coronapasientar som hamnar på intensiv med respiratorstøtte, er at dei utviklar respirasjossvikt 9 til 11 dagar etter symptomdebut (Metodebok i intensivmedisin, Haukeland Universitetetssjukehus). Her er nokre råd for å behandla og lindra:

  • Vurder respirasjonen ved å telje respirasjonsfrekvens, kontroller SpO2, lytt på respirasjonslydar, vurder hostekraftog bruk av hjelpemuskulatur
  • Høgt leie/ sittestilling, til dømes Fowlersleie. Sjå video her.
  • Utlufting av pasientrom
  • Oksygenbehandling i samarbeid med lege: Mål om å halde habituell oksygenmetning. Hjå dei fleste pasientar kan ein oppnå dette med ein liten dose oksygen på nasekateter. Forsiktigheit må utøvast ved oksygenbehandling til pasientar med KOLS grunna faren for CO2- forgifting. I terminalfase er oksygen ikkje anbefalt, men kan for nokre ha ein lindrande effekt.
  • I samråd med lege vurder bronkodilatator (medikament som utvidar luftvegane). Mest nytta er ventoline og atrovent.
  • Opiat, som morfin, er sentralt i den symptomlindrande behandlinga og påverkar opplevinga av pustebesvær. Titrer morfindose under tett oppfølging til ynskja effekt er oppnådd . Subkutansmertepumpe sikrar jamn tilføring.
  • Redusere angst; opptre roleg og trygg, lytt til pasienten sine bekymringar. Hyppig tilsyn.
  • Små dosar med morfin og midazolamilag kan ha god effekt på dyspné kombinert med angst. Samarbeid med lege om optimal medikamentell behandling.
  • Sjå Kompetansesenteret for lindrande behandling, informasjon om medikamenter for dyspné og for lindrende behandling ved livet slutt.

Slimmobilisering
Koronasmitta pasientar kan utvikle ein bakteriell pneumoni og slimproduksjon kan gi ubehag for pasienten.

Her er nokre råd for slimmobilisering:

  • Informer pasienten om viktigheita av å hoste opp slim
  • Hyppig leieendring
  • Rikeleg med drikke/ væske intravenøst (obs ved hjartesvikt)
  • Støtte med ei pute mot thoraxnår ein hostar kan gjere det lettare å hoste
  • Eventuelt fysioterapi
  • Fysisk aktivitet tilpassa allmenntilstand
  • Pasientar med sekretproblem kan ha god nytte av ei PEP- fløyte, dette får luft ned bak sekretet og det vert lettare å hoste opp.
  • Om ein har tilgang til forstøvar har fysiologisk saltvatn (NaCl 0,9%) ofte god effekt på å få løyst opp slim- dette er ikkje skadeleg og kan gis ved behov utan legeordinasjon, 2-3 ml om gongen.
  • Inhalasjon av Mucomystog bronkyl- brusetablett
  • Sjå Kompetansesenter for lindrande behandling, informasjon om surkling i øvre luftveier

Oppfølging av pårørande
Denne tida er vanskeleg for både pasient og pårørande, det er vondt å ikkje ha sine nære rundt seg og vondt for dei som ikkje får vera der. Det vil no vera meir utfordrande for helsepersonell å få ivaretatt pårørande, dei treng informasjon. Det er lurt å bli einige om at ein av dei pårørande har dialogen med sjukeheimen og informerer vidare.

Verdighetsenteret oppmodar at dei næraste pårørande får vera til stades når pasienten er i terminal fase, forutsett at dei nyttar smittevernsutstyr. Dette kan bidra til at den døyande opplev ein trygg og verdig død, samt at pasient og pårørande får anledning til å ta avskjed. Dette veit me er viktig for vidare sorgarbeid for dei etterlate.

Verdighetsenteret ynskjer avslutningsvis å minne om at dei gamle har behov for informasjon om kva som skjer og at dei er i risikogruppa. Informasjonen må vera tilpassa den enkelte sitt kognitive funksjonsnivå. Media har stort fokus på covid-19, balansen mellom å dekkje informasjonsbehovet og å potensielt skremma dei gamle må heile tida takast omsyn til.

Referansar og nyttige lenkjer:

PALLIASJON